Idrettslaget Varg frå Ulsteinvik utvida i haust idrettslaget til Volda. Her er allereie treningar i muay thai og brazilian jiu jitsu for dei på 14 år og oppover, men no kan born frå 3.-7. trinn få prøve seg, fortel Varg i ei pressemelding.

Onsdagane framover får også born no trene balanse, styrke og stamina, fokus og disiplin, i engasjerande aktivitetar. Kickboksing handlar ikkje berre om det fysiske, men også dei mentale prosessane med å utføre teknikkane med presisjon.

Kickboksing er ein individuell sport, der ein arbeider med å utvikle seg sjølv og eigne evner, men treningane skjer i fellesskap med dei andre i barnepartiet, ofte i oppgåver saman med ein treningspartnar.

Ein roterer på kven ein jobbar saman med, slik at ein kan bli kjend med fleire på trening.

-Slagordet til Varg er å setje dyrking av sunne haldningar og robust ungdom i førarsetet av idrettslagets utvikling, fortel dei, og legg til: -Vargen er eit flokkdyr, og alle i flokken bidreg til å skape godt miljø i treningsfellesskapen.

Instruktørar på barnepartiet i kickboxing er Anna Elise Vadset og Viggo Brevik Jr.