Av Lillian Haddal

Det seier Stefan N. Halck, dagleg leiar i Volda Næringsforum. Arrangementet Voldadagen 2017 blir arrangert for fyrste gong i år, og responsen har vore meget god.

–No er det fullt – vi har 62 utstillarar inne i Propellhallen, og på utsida blir det både hoppeslott, og der kjem Amcar-bilar, ambulanse, brannbil og Røde Kors har stand. Vi har til og med blitt nøydde til å seie nei til utstillarar, vi hadde ikkje plass til fleire, seier Halck, og legg til:

–Det som er veldig kjekt å sjå er den store breidda i påmeldingar. Her er alt ifrå enkeltpersonar som sel ting dei har laga, til organisasjonar og politiske parti, til store bedrifter som til dømes Brunvoll, som er der for å synleggjere seg. Det blir mykje aktivitet – mellom anna kan ein på standen til skytterklubben prøve å skyte på blink med laser, og fotballklubben har leikedyr ein kan ri på for dei minste.

Debut for Voldadagen

Det er Volda Næringsforum og Sparebanken Møre som saman arrangerer Voldadagen 2017, som skal fungere som ein arena både for organisasjoner og bedrifter, og la folk få vite at dei finnast, og kva ein driv med.

–Voldasamfunnet utgjer eit stort mangfald menneske som jobbar, bur eller studerer her. Vi engasjerer oss i lag og organisasjonar på fritida, eller er på anna vis aktive innbyggjarar. I sum er det alle menneska som held Voldasamfunnet i gang, men veit vi egentlig om kvarandre? Slik preseneterer dei Voldadagen 2017 på facebooksida til Voldadagen.

Arrangementet blir holdt laurdag 9. september i Propellhallen i Volda sentrum (ved Spinneriet og Circle K), og alle er velkomne.

Dei som stiller ut er næringsdrivande med produkt eller tenester retta mot private eller andre bedrifter, offentlege institusjonar som Volda kommune, Høgskulen i Volda og liknande, eldsjeler eller pådrivar i frivillige organisasjonar som ønskjer å synleggjere aktiviteten, og dei som er interesserte i å få vite meir om alle dei andre aktørane som fins i Volda.

–Det er fyrste gong vi arrangerer Voldadagen, og tenkjer at det skal vi gjenta neste år også, om det blir som det ser ut til å bil: Ein festdag i Volda!