Konfliktrådet på Sunnmøre tok i mot 117 saker i 1. halvår 2017. Det er ei auking på nesten 10 prosent (9,35 %) frå same periode i fjor.

– Konfliktråda er eit enkelt og gratis tilbod for å dempe konfliktnivået i juridiske saker, seier dagleg leiar Tom T. Græger i Clerks.

– Innbyggjarar som opplever urettvise som dei er usikre på, har ei unik moglegheit til å bruke konfliktråda for å få ein nøytral gjennomgang av saka, seier dagleg leiar Tom T. Græger i det juridiske rådgivingsselskapet Clerks.

– All bistand frå konfliktråda er gratis, og dette meiner vi er ein riktig og god måte å bruke skattepengane våre på.

Enkelt for alle

Dei 22 konfliktråda i Norge tok i mot 4.115 saker i første halvår av 2017. Sekretariatet for konfliktråda opplyser til Clerks at konfliktråda kan brukast av alle til mellom anna nabokranglar, hundeslagsmål, samværsavtalar, arbeidsforhold, husleigekontraktar m.m. Dette er såkalla sivile saker som råda behandlar, i tillegg til mindre alvorlege straffesaker som vert sendt over frå politiet.

– Å løyse problematiske saker i konfliktrådet er langt betre enn å bringe sakene inn for retten, meiner Græger.

– Konfliktrådet er eit lavterskeltilbod der alle kan melde inn konfliktar dei ønskjer å få mekla. Det mest positive er at ungdom som har trakka feil kan få sine lovbrot behandla her i staden for i ein formell og kanskje skremande rettssal.