Det blir skrive historie komande torsdag. Det er første gong Herøy får besøk av Kong Harald i offisielt ærend og ikkje minst er det opning av verdas første bølgekraftverk som leverer kraft til straumnettet.

Jonas Kamf, marknadssjef i Waves4Power, fortel at bølgekraftverket har vore gjennom ein utviklingsfase der ein har hatt stor nytte av kompetansen som finst innan maritime næringar på Sunnmøre.

KONGELEG: Kong Harald skal opne bølgekraftverket saman med ein førebels ukjent skuleelev.

–Same kva utfordringar vi har møtt på, så har det vore folk og bedrifter i nærområdet med interesse, velvilje og kunnskap som har kunne hjelpt oss med å kome vidare. No ønsker vi å gi ei takk tilbake med å lage til folkefest. Og at Kongen sa ja til å vere med, er sjølvsagt ei ekstra stor glede.

Fest for framtida

Før folkefesten har det vore halde teiknekonkurranse mellom 5. klassingar i heile regionen. Utfordringa har vore å teikne framtidas bølgekraftverk. Vinnaren får ikkje berre 10.000 kroner som skal delast med klassen sin, men får også æra av å opne bølgekraftverket saman med Kong Harald. Kven vinnaren er, vert ikkje offentleg før på opningsdagen.

Bølgekraft er ein del av framtidas løysing på behovet for energi. Og det er framtida som i stor grad skal underhalde på folkefesten. Publikum får høyre det lokale rockebandet «Sjøverk», det blir unge solistar og instrumentalistar i tillegg til Einedalen skulekor med rundt 100 barn og Herøyspelkoret som skal synge Herøy sin lokale «nasjonalsong» Herøy havland. Heile festen avsluttar med ein spenstig danse-finale.

Ein merkedag

Ordførar i Herøy, Camilla Storøy, gler seg over det som skal bli ein festdag og merkedag i kommunen si historie.

–Dette er ein festdag både for kongen og for nye mulegheiter i ei ny næring. Vi oppmodar alle om å heise flagget heime og så ta med flagg og kome til Vågsplassen og ta i mot Kong Harald på ein god måte.

Folkefesten er ein del av eit program som varer heile dagen. Gjester frå Waves4Power sine både lokale og internasjonale samarbeidspartnerar i tillegg til ulike aktørar innan miljø og energi er inviterte med på båttur. Først for å sjå bøya ved Runde før turen går vidare til Vanylven og Fiskåholmen, anlegget der Stryvo skal produsere nye bøyer. Tilbake i Fosnavåg  får Kong Harald presentasjonar av Waves4Power, Stryvo, Runde Miljøsenter og Olympic Shipping si satsing på fornybar energi. Til slutt er det eit kort besøk på Fosnavaag Ocean Academy før Kongen kjem til folkefesten på Vågsplassen.

Dagen vert avslutta med middag på hotellet for Kongen og inviterte gjester.