Av Svein Nordal

I løpet av det siste året har talet på uføretrygda i fylket auka med 270 personar, men sidan 2010 er auken på nær 1100. Dette går fram av ein fersk statistikk frå Nav, som vart offentleggjort i formiddag.

Som i landet elles er det fleire kvinner enn menn som er uføretrygda. Og trenden er at det vert stadig fleire unge uføre, men færre eldre.
Heile 2755 personar under 45 år er uføretrygda her i fylket, og talet for den aller yngste aldersgruppa – 18 til 29 år – er 659.

Heile landet

På landsbasis var 321.300 uføretrygda ved utgangen av mars, og det var 4200 fleire enn nøyaktig eitt år før. Nær førti tusen av dei uføre i Norge har enno ikkje fylt førti år.
Ser ein på fordelinga mellom fylka, så ligg Østfold heilt på topp med 13,8 prosent av arbeidsstokken uføretrygda, tett fulgt av Aust-Agder, Hedmark, Nordland, Oppland, Vest-Agder og Nord-Trøndelag – alle med over tolv prosent uføre.
Fylket med lavast andel uføre er Oslo, med 5,2 prosent.

Friskare eldre

Arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng opplyser at gjennomsnittsalderen blant dei uføre har gått ned dei siste åra. Denne utviklinga kan skuldast at dei eldre vert stadig friskare, har høgare utdanning, og at pensjonsreformen har gjort det mulig å ta ut pensjon tidlegare enn før.