Pilskog kjem frå ei stilling som kyrkjelydssekretær i Ulstein sokn, og tek til i stillinga på Hareid i desember. Bente har lang fartstid som koordinator i Ulstein konsernet, og kjem med verdifull kompetanse på kommunikasjon, merkevarebygging og strategiarbeid. No gler ho seg til å til å vere med å bygge merkevaren «Hareid sokn» i framtida, skriv www.kyrkja.no.

Noverande kyrkjeverje, Jan Erik Hovland, går til kyrkjeverjestillinga i Sula sokn.