Det er dei tilsette i Nordsjø Ide & design Ulsteinvik/Fosnavåg som i løpet av helga hadde forvandla barnehagen med hjelp av maling, tapet og maskeringstape.

FOTOTAPET: Eit par av veggane i Høddvollbarnehage har fått foto-tapet.

–Heile prosjektet har vore ein utruleg stor oppleving. Det å gå frå planlegging med penn og papir, til å faktisk fysisk gjennomføre det er kanskje eit uvanlig tiltak for ein liten butikk. Men for oss var det heilt rett å gjer det slik. Då vart det akkurat slik vi ville ha det! Å sjå reaksjonen til borna var gull verdt, og gjorde opp for arbeidstimane og mykje meir enn det. Romma er fargesatt i forhold til kva aktivitet og stemning vi ynskjer å skape i rommet. Vi har bevisst brukt mykje blå- og grøntonar då dette er fargar vi trivast med, og kroppen opplever ro og balanse. Men sjølvsagt også med innspel av sterkare og kreative fargar! Her skal det vere kjekt å vere, seier kreativ leiar Cecilie Jevanord i ei pressemelding.

BLÅFARGAR: Alle fargane som er nytta i malingsarbeidet er frå «Havlandet i fargar».

–Det har vore utruleg spanande og inspirerande å jobbe saman med den dyktige gjengen frå Nordsjø Ide&Design Ulsteinvik/Fosnavåg, seier styrar i Høddvollbarnehagen, Kathrin Rise.

–Kreativiteten blomstrar og dei viser stor faglig kompetanse på eit fagområde som er viktig å flette inn i vårt fagfelt; pedagogikk og trivsel som ein grunnmur for utvikling og læring. Gjennom prosessen som starta i vinter, har vi snakka mykje om korleis dei ulike fargane påverkar oss, og saman fann vi fram til fargane som skulle prege dei ulike romma. Alle fargane som er nytta i malingsarbeidet er frå «Havlandet i fargar». Når vi i tillegg har fått vakre naturbilete, i form av tapet, inn i barnehagen vart stemninga på dei ulike romma magisk. Her vert det mange fine barndomsminner, seier Rise.

GODE MINNER: Det har blitt ein litt meir magisk kvardag i Høddvollbarnehage etter at dei kvite veggane blei bytta ut.