Bølgevarsel for farleder (veisystemet til sjøs) gjer det lettare og tryggare for sjøfarande å navigere i kystområder. Eit nyttig verktøy både for hurtigbåtar, ferger, fritidsbåter og annen kysttrafikk, skriv Kystverket.

Detaljert informasjon

Tenesten gir prognoser for bølgehøgde, -periode og -retning inntil 60 timar fram i tid. I tre område der bølgeforhold er særleg utfordrande, Stad, Hustadvika og Værøy/Røst, er det også spesialvarsel for kryssande bølger. Varsla blir gitt for farleder på kysten med passasjertrafikk, men også farleder med annen kysttrafikk inkludert områder med mykje fritidsbåttrafikk.

Generalsekretær i Kongelig Norsk Båtforening (KNBF), Endre Solvang, har sett på den oppgraderte informasjonstenesten:
– Sjekk bølgevarselet før du reiser til sjøs. For KNBF og våre 42.000 medlem er sjøsikkerheitstiltak det viktigaste vi held på med. Det nye bølgevarselet føyer seg inn i rekka av tiltak som stadig gjer det tryggare å ferdast i fritidsbåt.

Oppgradert teneste

Tenesten med detaljert bølgevarsel har vore under utvikling sidan 2003, og dekker no heile norskekysten. Varselet blir presentert gjennom ei brukarvennleg kartløysning i BarentsWatch, og er tilpassa både pc, nettbrett og mobil.

Basert på varsla kan passasjertrafikken langs kysten på eit tidleg stadie vurdere om det er sikkert å ferdast, eller om det er behov for alternativ transport på land.
Bruk av bølgevarselet kan også gi miljøgevinst ved at seilas kan bli planlagt meir effektivt, og bidra til redusert forbruk av drivstoff. Varselet gir også god informasjon for havbruksnæring og andre kystnæringar. Bølgevarsla finn du hos barentswatch.no.