Vanylven er blant dei første kommunane i fylket som etablerer ei slik varslingsordning. Advokatkontoret Judicia DA er ekstern varslingsmottak.

– Vi ønskjer å legge betre til rette for å kunne varsle om kritikkverdige forhold. Det skal vere lett å varsle og ingen skal frykte sanksjonar på grunn av at ein vel å seie frå, verken tilsette, brukarar eller leverandørar, seier rådmann Andreas Chr. Nørve.

Det er tilbakemelding på medarbeidarundersøkinga i 2016, som er bakgrunnen for at kommunen starta arbeidet med å etablere ein ekstern varslingseining for Vanylven.

Fryktar gjengjelding

Fleire undersøkingar viser at tilsette kvider seg for å varsle om kritikkverdige forhold på grunn av faren for gjengjelding. Ein FAFO-rapport frå 2017 avdekkjer at 4 av 10 tilsette i norske verksemder ikkje melder frå om kritikkverdige forhold som korrupsjon, lovbrot, trakassering og mobbing. Tilsette fryktar til dømes å bli omplasserte, dårlegare lønsutvikling eller verte oppsagd frå jobben.

Inga personleg risiko

– Det er tydeleg at ubehag, personleg belastning og mot til å seie frå er sentrale hinder. Med ei ekstern varslingsordning etablerer vi ein praksis slik at den som varslar ikkje skal trenge å tenke på den personlege risikoen og ulempa det kan vere å gå til nærmaste leier eller til andre for å varsle om kritikkverdige forhold. Dette er ein del av Vanylven si satsing på kvalitetsutvikling, seier Nørve.

Rutinar og system

Rådmannen er og oppteken av at det er viktig å ha rutinar på plass om kven som skal varslast og kven som skal undersøke før ein får ei vanskeleg sak. Utan rutinar og eit system kan det fort bli en diskusjon og mange meiningar om kven som skal undersøke og kva som er rett og galt.

– Det er ingen tent med. Rutinane som Vanylven har utarbeidd viser på ein oversiktleg måte korleis vi skal handtere varsling meir bevisst framover. Og Advokatkontoret Judicia DA sikrer rettighetane til dei tilsette som varslar, seier Nørve.

Erfaringane frå Kongsvinger kommune, som har ordninga, er gode. Terskelen for å varsle har gått ned, fleire saker er tekne opp, og ein får raskt sjekka ut varselet av kompetent tredjepart.

Går nye vegar

– Ytringsfridom i arbeidslivet er viktig for arbeidstakar, arbeidsgjevar, brukaren og for samfunnet som heilskap. Difor ønskjer Vanylven å gå nye vegar for å gjere varslinga trygg og føreseieleg for varslar og sikre anonymitet der det er ønskjeleg. Det er viktig at tilsette vågar å seie frå, seier rådmannen.