Berre litt over ein tredjedel av syklistar og sykkelselgarar veit om lyset må vere montert på sykkelen eller ikkje, skriv www.vegvesen.no .
Dersom ein blir stoppa av politiet utan fastmontert lykt, risikerer ein å måtte betale 1 150 kroner i bot.

Dette er krava til lys og refleks på sykkel:

  • Det skal vere raud refleks bak.
  • På begge sidene av pedalane skal det vere kvit eller gul refleks. Dersom sykkelen har klikkpedalar, skal sykkelen ha refleks på pedalarmane.
  • Refleksa skal vere av godkjent type.
  • Ved sykling i mørke eller skumring skal det framme på sykkelen vere lykt med gult eller kvitt lys og/eller fleirfunksjonslykt som gjev blinkande eller fast kvitt lys. Bak skal sykkelen ha lykt med raudt eller raudt blinkande lys. Det gjeld ved sykling på vanleg veg og på fortau, gang- og sykkelvegar.
  • Lyktene skal kunne sjåast tydeleg i ein avstand på 300 meter. Lykt som gir blinkande lys skal blinke med minst 120 blink per minutt. Lykta framme skal gje nok lys utan å blende.
  • Lyktene skal vere festa på sykkelen.

Å bruke kle med neonfargar og refleks er nesten like viktig for å bli sett som å bruke lys.

Ikkje bruk blendande hovudlykt

Dei fleste syklar blir selt utan lykt som er festa på sykkelen– som altså er påbode. Det å berre bruke hovudlykt er ikkje godkjent, heller ikkje å montere hovudlykt på sykkelen dersom lyset frå sykkelen er blendande.

– Ein må i utgangspunktet gå ut frå at det som blir selt som «sykkellykt» er i tråd med krava, seier Espen Anderson som leiar køyretøyseksjonen i Vegdirektoratet, og legg til:

– Men ein må vere merksam på at bruk av kraftig lykt som blender andre trafikantar vil kunne vere i strid med vegtrafikklova om at køyretøy ikkje skal vere utstyrt slik at det kan «volde unødig fare eller ulempe».