Av Svein Nordal

Dette går fram i den halvårlege jobbindeksen frå Finn.no, som vart lagt ut i dag. Indeksen viser altså sterk vekst i utlysinga av maritime jobbar, – men viser også vekst i stillingsmarknaden både innan offentleg og privat sektor.

Også andre bransjar

Samla sett vart det i Norge frå januar til 1. november lyst ut 235.000 stillingar, og det er ti prosent fleire enn i same periode i fjor.

Veksten i oljebransjen er altså særleg positiv, men det er likevel eit godt stykke igjen før ein er tilbake på 2014-nivå – altså like før oljekrisa ramma.

Veksten handlar stort sett om å erstatte folk som mista jobben då oljeprisen stupte. Talet på utlyste teknologistillingar innan oljesektoren er til dømes tilbake på 2015-nivå, i følgje rapporten. Årsaka til veksten er auka oppdragsmengde – samt litt ny optimisme i ein bransje som for kort tid sidan vart spådd dystre framtidsutsikter.

Auka optimisme

Også i samfunnet generelt er det teikn til auka optimisme. Ei gransking Norstat har gjort for Finn jobb viser at kvar tredje nordmann trur arbeidsløysa vil gå ned i løpet av 2018.

Andre bransjar som har hatt stor vekst siste året er PR, informasjon og kommunikasjon, turisme, handverkstenester og bil, køyretøy og verkstad.

Fleire teknologar

I nokre bransjar har bedriftene problem med å få tak i nok kvalifisert arbeidskraft, til dømes helse, IT, bygg og anlegg.

Vidare viser jobbmarknaden ein stadig større tendens til å etterspørje teknologar. Innan bank, finans og forsikring har etterspurnaden etter slik arbeidskraft dobla seg sidan 2015. Også innan PR, informasjon og kommunikasjon er det aukande tendens til å tilsetje teknologar.