Sunniva Utnes frå Vedvik i Vågsøy kommune, tok til i jobb 1. juni på sektor for kultur og service.
Sunniva Utnes er nyutdanna og har siste året gått på Høgskulen i Volda der ho har teke ei årseining i samfunnsvitskap.

Ved høgskolen i Oslo og Akershus har ho teke utdanning i arkiv og dokumentbehandling.

Utdanningat er midt i blinken for jobben ved servicekontoret der ho skal jobbe mest med postmottak og arkivering. Sunniva skal også vere politisk sekretær. Allereie første dagen på jobb var ho med kommunestyret til Hornindal der kommunestyra hadde felles møte om kommunesamanslåinga.