Totalt reiste 95.331 passasjerar over lufthamna siste månaden. Innlandstrafikken auka med 2 % i august, medan utlandstrafikken gikk tilbake med 5 % – mest truleg på grunn av at Londonruta som gjekk i fjor, no er nedlagt.

Til no i år har talet på passasjerar blitt redusert med 0,2 %. Innlandstrafikken har auka med 1,4 %, og utlandstrafikken har blitt redusert med 4,6 %. Til no i år har 703.791 passasjerar reist over Vigra. Når året er omme forventar Avinor at om lag 1.050.000 passasjerar har nytta lufthamna.