Båtene er under byggjing ved verftet JSC Leningrad Shipyard «Pella» som ligg utanfor St. Petersburg. Det er reiarlaget Murmanseld 2, som skal ha dei nye trålarane.

Dette er ein av dei første kontraktane på nye fiskefartøy til den russiske marknaden og er ei særs viktig kontrakt for MMC med ein verdi opp mot 100 millionar kroner.

MMC har saman med reiarlaget og skipsdesign-selskapet Cramaco AS i Tromsø fått designa effektive og miljøvenlege lastfrysesystem. MMC i Tromsø skal levere service og oppfølging av nybygga, MMC på Vigra står for design og levering av leveransane.

– Det er ikkje lett å kome inn på den russiske marknaden. Lange, gode relasjonar mellom reiar, skipskonsulent og MMC har vore utslagsgivande for å vinne denne kontrakta. I tillegg stadfestar det kvaliteten på produkta våre. Vi er veldig glade og audmjuke for å ha klart å lande denne kontrakta med 4 leveransar til ein og same kunde, seier salsansvarleg på Kulde, Petter Kåre Grytten frå MMC.

Moderne fryseanlegg

Fryseanlegga som skal leverast er av marknadens mest effektive og miljøvenlege design. Løysinga sikrar rask innfrysing i skipa sine automatiske vertikale og horisontale frysarar.

Her er det meste automatisert og tilrettelagt for lang og sikker drift. Anlegga vert levert med tilpassa automasjonssystem som er tilrettelagt for fjernstyring / service.

Dei to første leveransane av fryseanlegg til trålarane skal leverast første kvartal 2018, og to siste første kvartal 2019.