Nedgangen er på 1,6 % færre passasjerar i juli samanlikna med same månad i fjor. Det reiste til saman 2.771 passasjerar over Vigra siste månad, skriv Tor Hånde, Lufthavnsjef Ålesund lufthavn. Innlandstrafikken auka med 2,2 %, medan utlandstrafikken blei redusert med 7 %. Det er rutene til Oslo som står for veksten i innlandstrafikken.

Årsaka til nedgangen i utlandspassasjerar, er at Londonruta er fjerna. Sjølv med auke i passasjerar på rutene til Alicante, Amsterdam og Gdansk kompenserer det ikkje for bortfall av ruta til London. Chartertrafikken til utlandet er også noko redusert i år, fordi det ikkje går fly til Tyrkia denne sommaren.

Til no i år har 608.302 passasjerar reist over Vigra, noko som er ein reduksjon på 0,3 % samanlikna med same periode i 2016. Innlandstrafikken har auka med 1,3 %, medan utlandstrafikken har blitt redusert med 4,6 %.