Av Svein Nordal

Det sa innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug då ho besøkte Ulsteinvik i dag, – saman med ”stjernelaget” Siv Jensen og Jon Georg ”Goggen” Dale. Trioen hadde byrja dagen i Ørsta kommune – på Vartdal Plast og Statens Lånekasse – før dei reiste til Ulsteinvik og prata med pressa, bedriftseigarar, og stakk innom Arena Ulstein, Høddvoll og Trebaatfestivalen. Hareid stod sist på programmet, med samferdsle som tema.

Stygg med Hareide

–Men Listhaug, – du var jo ganske ”stygg” med Knut Arild Hareide nyleg, og sa han sleika imamar opp etter ryggen?

–Ja, eg var jo det, men han var temmeleg skarp i tonen han også. Det gjekk sikkert litt heitt for oss begge.

–Og så har vi alle kommentarfelta der innvandringskritikarar blir kalla rasistar og dei som er for meir innvandring for naive kommunistar. For ikkje å nemne langt verre karakteristikkar. Det har blitt ei polarisering?

–Ja, det har det. Og det bør gå an å diskutere saker – også dei som vekkjer svært sterkt engasjement i eine eller den andre retninga – på ein meir sakleg måte.

HALLEN: Statsrådane saman med Ulstein-ordførar Knut Erik Engh i Ulsteinhallen. Foto: Svein Nordal

Elska og hata

–Du er ein politikar som enten vert elska eller hata. Korleis er det?

–Ja, eg er nok det. Og slik blir det vel sidan eg er temmeleg frittalande, som så mange andre sunnmøringar. Eg tenkjer eigentleg ikkje så mykje på det sånn til dagleg.

–Og du Siv: Du er partileiar, men Sylvi får mest merksemd. Kva syns du om det? Blir du sjalu?

–Haha, nei! Nei, faktisk så gjer det meg stolt at vi har så dyktige folk som Sylvi i partiet. Ho er svært dyktig, seier Siv, som ikkje verkar så interessert i å prate om polariseringa og ordbruken i norsk politikk.

Frp-trioen vart vakta av politi og PST på heile rundturen på Søre Sunnmøre.

–Det er på grunn av sikkerheitsvurderinga rundt Siv og Sylvi. Ikkje på grunn av meg. Og det er flott, såpass eg kan leve eit noko friare liv, seier landbruksminister Jon Georg Dale.

Næringstoppar

På sin rundtur prata dei med mange bedriftsleiarar. Som Jan Endre Vartdal på Vartdal Plast tok dei sterkt til orde mot formuesskatten, som dei meiner er svært uheldig for det sunnmørske næringslivet.

–Dei einaste eg har prata med i det siste som ikkje nemnde formuesskatten var Rolls Royce. Ikkje så rart, sidan dei har utanlandske eigarar, og dermed slepp denne skattlegginga, seier Jon Georg Dale.

Vinn eller forsvinn

–Kva magekjensle har du før valet?

–Det blir spennande, og eg håper og trur sjølvsagt at vi skal vinne…

–Kva skal du gjere viss ei Ap-styrt regjering tek over?

–Nei, altså, eg planlegg jo ikkje for falitt! Midt i ein valkamp er det ikkje eit tema ein gong. No skal vi konsentrere oss og jobbe alt vi kan for å berge begge mandata i Møre og Romsdal, seier Dale.

 

 

STJERNELAGET: Jon Georg, Sylvi og Siv på søre-turne.