Det var i fjor at Ørsta brann og redning bestilte ny hovudbil W.1.1 til brannstasjonen i sentrum. Bilen er no framkomen til stasjonen og det er kun tilpassingar for eksisterande utstyr som må gjerast før bilen kan takast i bruk.

Den eksisterande hovudbilen er altså frå 1995. Denne vert sett no i tjeneste på Sæbø Brannstasjon, der ein vil få god nytte av han i fleire år framover.