Av Lillian Haddal

-Hovudsatsingsområdet vårt blir helsetenester for sjøfolk- og offshorearbeidarar, men klinikken er open og kan nyttast av alle som treng legehjelp eller naprapat, fortel styreleiar og medeigar Ole Theodor Hovden.

Tverrfagleg

Han driv frå før Nordvest Naprapatklinikk, som no skal halde til i dei same lokala som Nordvestklinikk, og inngå som eit av tilboda til den nye klinikken. Dei har flytta inn i nyoppussa lokale på Borgstein i Ulsteinvik, som inneheld alt frå lab til behandlingsrom -med andre ord eit fullverdig legekontor.

-Vi har lenge tenkt på å drive ein tverrfagleg klinikk, med moglegheit til å samarbeide med legar og helsepersonell. No blir det fleire profesjonar under same tak, seier Ole Theodor.

Med seg har han dagleg leiar Mimmi Kvalsund Ulstein, og to legar med sjø-medisin som spesialfelt: Håvard Ramsli som er sjømanns-, dykkar-, og petroleumslege, samt  Torstein Bjørndal, som er sjømannslege og petroleumslege. Begge dei to arbeider som fastlegar i tillegg, men blir faste dagar på klinikken i Ulsteinvik.

Plass til fleire

-Vi ser også for oss å auke bemanninga etter kvart – dei nye lokala vi har flytta inn i har plass til fleire, fortel Mimmi og Ole Theodor.

Nordvestklinikk tilbyr mellom anna sjømannslegeattestar, dykkarlegeattestar, offshoreattestar, helsekontrollar og reisevaksinering. I tillegg held Nordvest naprapatklinikk fram som før.

-Er det behov for dette tilbodet no med nedgangstider offshore?
-Det er det – når det kjem til helse er det ikkje nedgangstider. Alle sjøfolk må til dømes halde attestane sine oppdaterte til ei kvar tid – uansett om dei er permitterte eller er i arbeid, og treng at nokon tilbyr desse tenestane, seier Mimmi. Ole Theodor fortel om ei stadig auke på naprapatklinikken heilt sidan han starta i Ulsteinvik i 2007.

-Vi er i rute, og gler oss til å opne klinikken neste veke, avsluttar Mimmi.