– Eg har alltid elska å jobbe med sal, service og marknadsføring, men eg sel ikkje noko eg ikkje brenn for! Det nye konseptet til Regionavisa med magasin og nettavis er veldig spennande, og eg gler meg til å ta fatt på arbeidet, seier ei energisk Hilde og legg til:

– Det å arbeide som ein oppsøkjande seljar er også ein fin måte å bli kjent med folk og områda rundt her, noko eg også gler meg til!

Ho kjem opphavleg frå Brattvåg i Haram kommune, men flytta til Ulsteinvik for to år sidan saman med sambuaren sin, Roar Kjærstad. Han kjem også «frå andre sida av fjorden», nærare bestemt Fiskarstrand. Dei har begge to born kvar frå tidlegare forhold.

– Vi ville prøve livet her ute, og det passa slik med jobbane våre å flytte. Utviklinga som har skjedd – og skjer her i Ulsteinvik er fantastisk, og vi trivst godt med å ha både sjø og fjell rundt oss, fortel ei sporty Hilde, som også elskar båtliv og å køyre motorsykkel.

Hilde er utdanna salsøkonom, og har også utdanning innan marknadsføring, og har ein variert arbeidsbakgrunn med mykje salserfaring.

– Vi er veldig glade for å ha ho med på laget, seier dagleg leiar i Regionavisa, Hugo Antonsen.