Kariann Bigseth er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo frå 2003, og ho har vidareutdanning innan prosjektkompetanse frå 2007, skriv Hareid kommune. Ho har arbeidserfaring frå stat, kommune, helseføretak og interkommunale samarbeid. Ansvarsområdet har vore knytt til innkjøp der ho har hatt roller som rådgjevar og leiar. Ho kjem no frå ei stilling som innkjøpssjef i Nedre Romerike innkjøpssamarbeid.

Kai-Rune er ørstingen som i ti år, gjennom fleire ulike stillingar og funksjonar i Hareid kommune, har vore med på å utvikle Hareid-samfunnet på ulike måtar. Han gir uttrykk for at dette har vore både utfordrande og spanande. Han søkte kommunalsjefstillinga fordi han gjerne vil vere med på vidare utvikling, og har både ambisjonar, idear og mål for korleis dette kan gjerast.

Han har økonomisk bakgrunn, samt ein bachelor i samfunnsplanlegging og offentleg administrasjon frå 2004. Vidare fag frå masterstudiet i regional leiing og samfunnsplanlegging. Kai-Rune kjem frå stillinga som plansjef i kommunen der han har vore sidan 2015, til han for om lag eitt år sidan vart konstituert kommunalsjef.