-Våre pasientar, brukarar og samarbeidspartnarar vil få det same tilbodet og møte den same høge kvaliteten på tenesten som før, lovar administrerande direktør i Luftambulansetjenesten HF, Øyvind Juell i ei pressemelding.

Føretakets primære og prioriterte oppgåve er å tilby den norske befolkning luftambulansetenester og medisinske tenester av høg kvalitet heile døgnet.
Det er dei fire helseføretaka som eig luftambulansetenesten, og betalar for all luftambulanse i Noreg. Luftambulansen var tidlegare styrt gjennom eit ansvarleg selskap, men no har dei overført alle av selskapet sine oppgåver til sitt nye helseføretak, Luftambulansetjenesten HF.

– Som ansvarlig selskap (ANS) har det vore vanskeleg å forklare folk flest, media og beslutningstakarar at luftambulansetenesten er ein del av dei offentlege helsetenestene på lik linje med bil- og båtambulansene. Som eit helseføretak blir det lettare å synliggjere at luftambulansetenesten er offentleg eigd, offentleg finansiert og offentleg styrt, seier Juell.

Luftambulansetjenesten er landsdekkande og assisterer omlag 20.000 pasientar årleg. Luftambulansetjenesten HF har ni ambulansefly og 13 ambulansehelikopter fordelt på 19 basar frå Kirkenes i nord-aust til Arendal i sør. Basane har beredskap heile døgnet alle dagar.