Av Hild Nordal

Fredag 1. desember opnar dei to damene Nobel frisør og velvære i kjøpesenteret Blåhuset i Ulsteinvik.

Andersen Valde frå Ulsteinvik og Tandberg frå Leikong, har vore kollegaer hos Art frisør på Hareid dei siste sju åra.

–Vi likar å styre og bestemme begge to, og vi har gått med ein draum om å skape vår eigen arbeidsplass. No var det på tide å realisere den draumen, fortel dei.

Vipper og bryn

I tillegg til vanlege frisørtenester tilbyr damene også påsetjing av vippe-extensions, voksing av ansikt, og microblading av augebryn i den nye salongen sin, som har eit eige pleierom.

Dei to frisørane er småbarnsmødre, men dei er innstilte på at det blir mykje jobb med salongen –  i alle fall i starten.

–Førebels er det berre eg og Jeanette som skal jobbe her, men vi reknar nesten med at vi må tilsette ein person til på nyåret, seier Silje Andersen Valde.

Detaljar

Nobel frisør og velvære er innreidd etter eigarane sitt hjarte, med mørke fargar og solide interiørkonstruksjonar av stål og tre.

–Vi har designa salongen sjølv, og fått det akkurat slik vi ville. Vi er ganske gode på detaljar, smiler damene.