På taket av det største bygget ved Høgskulen i Volda – Berte Kanutte-huset – er det kopla saman 570 solceller som totalt dekker 1000 kvadratmeter. Anlegget er med det det største solcelleanlegget på offentlege bygg i Møre og Romsdal. Anlegget vil produsere om lag 100 000 kilowattimar per år, skriv Høgskulen i Volda i ei pressemelding.

– Vi er glade for i samarbeid med Statsbygg å ha fått til eit solcelleanlegg som vil produsere mykje straum frå miljøvenleg solenergi i mange år framover. Studentane våre har utfordra oss på å vere miljøbevisste, og dette er eit godt døme på at vi har lytta til dei, seier prorektor ved Høgskulen i Volda, Jens Standal Groven.

Høgskulen i Volda har inngått ein Grøn tilleggsavtale med Statsbygg for å hjelpe til med finansieringa av dette prosjektet, som også var utløysande for at det vart gjennomført.
– Takka vere staten si satsing på miljø og fornybar energi og Statsbygg sin miljøstrategi for å ta i bruk ny teknologi har dette prosjektet latt seg gjøre. Og gjennom godt samarbeid har det latt seg realisere, seier eigedomsforvaltar i Statsbygg, Geir Skaaren.

Regiondirektør i Statsbygg Kjetil Lehn vil informere om prosjektet før landbruks- og matminister Jon Georg Dale står for den offisielle opninga. Det vert høve til å stille spørsmål til minister Dale, Statsbygg og Høgskulen i Volda.