Av Lillian Haddal

Det var på tysdag denne veka at ein nebbkval var funnen stranda på Varholmen i Herøy kommune. Mistanken om plast i magen, gjorde at kvalen vart obdusert. Den blei undersøkt i går av mellom anna Hareide.

I magen til kvalen fann dei ei enorm mengde med blekksprutnebb, noko som mest truleg også forårsaka at den døde. I tillegg fann dei nokre små plastbitar i tarmen, noko som kan vere ein del av årsaka til at akkarnebba stoppa opp i magen til kvalen.

Fleire tonn akkar

Ein akkar veg rundt eit halvt kilo, og på grunnlag av den fulle magen, meinar Hareide at kvalen må ha ete fleire tonn av denne blekkspruten. Den nordlige nebbkvalen er omlag sju meter lang, og veg opp mot 4–5 tonn. Den kan dykke ned til 1400 meter for å finne akkar og andre blekksprutar. Akkar er den viktigste maten dei et, og normalt sett går nebba ut gjennom endetarmen, men altså ikkje i dette tilfellet.

HARDT FORDØYELEG: Nærbilde av eit akkarnebb. Foto: Runde Miljøsenter