Innlandstrafikken blei redusert med 1,3 %, medan utlandstrafikken auka med 7 %.

Det er rutene til Amsterdam og Gdansk som står for veksten i utlandspassasjerar. I tillegg varte sesongen med charterfly til Gran Canaria lengre i år enn i april i fjor. Nedlegging av London-ruta er med på å redusere veksten i utlandstrafikken.

Hittil i år har totalt tal på passasjerar som reiser over Vigra blitt redusert med 0,8 %. Innlandstrafikken har auka med 0,6 %, medan utlandstrafikken har blitt redusert med 6,1 %.