Av Svein Nordal

Når ein i framtida siglar gjennom skipstunnel frå sør, kjem ein til Sunnmøre og Vanylven i fjorden Kjødepollen, ei sidearm av Vanylvsfjorden. Tre – fire kilometer frå tunnelopninga ligg den førti mål store Børholmen, som til overmål har ei naturleg djupvasskai på utsida, der svaberget stuper vel tjue meter rett ned under vatn.

LUFTFOTO: Holmen med naturleg djupvasskai ligg tre kilometer frå tunnelopninga for Stad skipstunnel – og kloss inntil den framtidige skipsleia.

Hotell og geologi

–Holmen med den naturlege djupvasskaia ligg kloss inntil skipsleia, der det om nokre år vil kome ein jamn straum av fritidsbåtar, hurtigruta og turistskip. Ein ideell stad for turismefasilitetar og eit opplevingssenter med geologi, olivin, fiske og fangst som tema, seier Arild Skorge (62). Han er ein av grunneigarane som eig holmen, og styreleiar i det nystarta Børholmen AS.

STYRELEIAR: Arild Skorge er styreleiar i Børholmen AS.

–Vi arbeider no med ein privat reguleringsplan, og vil ha holmen omregulert frå landskaps, natur- og friluftsareal til næringsareal for turismesatsing, seier Skorge, som fortel at einaste landbruksføremål holmen har hatt i nyare tid er beitemark for tre-fire verar.

Tunnelmasse

Holmen ligg 300 meter frå land, og det er på det djupaste sytten meter djupt mot land. Tanken er å byggje ei fylling med veg på, slik at bilturistar kan køyre til hotellet og opplevingssenteret.

–Til det treng vi 100.000 kubikkmeter stein frå tunneldrivinga, seier Skorge, som også arbeider med å skaffe investorar til prosjektet.

–Mykje må sjølvsagt på plass her, men vi har allereie fått fleire positive tilbakemeldingar frå mulege investorar, seier grunneigaren og styreleiaren.

Han meiner Åheim og distriktet rundt har mykje å by turistar. Norsk Olivinsenter er tenkt plassert på holmen, og den rike geologien i distriktet er interessant for mange. Kajakkpadling, fiske, fjellturar eller turar ut mot Stadlandet er også mulegheiter.

Helgøy fekk ideen

–Kven fekk ideen til turismesatsing på Børholmen?

LEIA: Slik er seglingsleia forbi Børholmen.

–Ja, det var sjølvaste Stadtunnel-forkjemparen sjølv, det, – tidlegare ordførar Jan Helgøy. Han inviterte oss grunneigarane til ballmiddag på Kvilehytta ovanfor Åheim, og meinte at Børholmen vil kunne bli ein flott plass å satse på turisme. Når skipstunnelen kjem, har vi sjansen til å forvandle oss frå å vere eit vegkryss for gjennomgangstrafikk, til å bli ein stad som folk frå inn og utland gjerne vil besøke, fortel Skorge.

Treng kapital

Som har presentert ideen for Kystverket og viktige aktørar innan reiseliv i vår region.

Børholmen AS vart stifta i april, og Ose Ingeniørkontor AS i Ørsta er engasjert til å arbeide fram ein reguleringsplan.

Skorge og Børholmen AS har også sendt ut invitasjonar til næringsliv og privatpersonar til å kjøpe aksjar i selskapet, som førebels har 50.000 kroner i aksjekapital. Denne må aukast til om lag 300.000 kroner for å komme i mål med reguleringsarbeid og konsekvensanalysar.