Praksisstudent Nanna Lilletvedt Sæten har utarbeida ei spørjeundersøking på oppdrag frå Kystrederiene (tidlegare Fraktefartøyenes Rederiforening). Målet med undersøkinga var å kartlegge kva miljøtiltak reiarlaga er villige til å gjere, og kva insentiv frå myndigheitene reiarlaga ynskjer – og ser som mest hensiktsmessig for å stimulere til ei grønare utvikling.

Det er tre hovudkategoriar av miljøvennlege tiltak reiarlaga kan gjennomføre: Tekniske, operasjonelle og drivstofftiltak. Funna i undersøkinga tydar på at ein stor del av medlemane er villige til å gjennomføre miljøtiltak, og at det er særleg vilje til å inngå i dei mest omfattande tiltaka; tekniske tiltak og drivstofftiltak. Dette er oppløftande for næringa si framtid, skriv Kystrederiene i ei pressemelding.

Vidare kjem det fram at det viktigaste insentivet frå staten for å stimulere til ei meir miljøvennleg utvikling i reiaralaga, er statleg garantiordning og gunstig låneordning for finansiering av miljøvennlege skip. Det mest omfattande tiltaket er bygging av ny tonnasje, og det er også her reiarlaga er mest samstemde om at gunstige finansieringsordningar er det viktigaste statlege insentivet.

Alt i alt tydar funna frå undersøkinga på at det er gunstige finansierings-ordningar som verkeleg kan stimulere til eit djuptgripande skifte mot ei meir miljøvennleg sjøfartsnæring. Det vil vere viktig for Kystrederiene å ha med seg i vidare politisk arbeid, skriv dei i ei pressemelding.