Skrede kjem frå stillinga som Marknadssjef i destinasjonsselskapet, ei stilling han har hatt sidan januar 2013. Tom Anker Skrede er utdanna Diplommarknadsførar med spesialisering innan Marknadsføring, Internasjonalisering og Leiing frå Norges Markedshøyskole (NMH). Skrede kjenner destinasjonsselskapet godt, og har god kjennskap til reiselivsnæringa både lokalt og dei ulike samarbeidspartnarane i inn- og utland.

– Vi fekk mange gode søkarar til stillinga, og styret har leia ein prosess fram til tilsettinga. I Tom Anker Skrede får vi ein dyktig leiar som kjenner reiselivet godt, og vi er svært tilfreds med tilsettinga av ny reiselivssjef, seier Bjarne Rekkedal styreleiar i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre i ei pressemelding.

Tom Anker Skrede uttalar at fokuset framover blir å halde fram utviklinga og posisjonen av selskapet si merkevare, men viktigast av alt regionens merkevare som «The Adventure Capital of the Fjords». – Dette får vi best til gjennom samarbeid og lik forståing mellom alle partar og involverte i reiselivet på Sunnmøre. Vi har ein heilt unik og spektakulær region for turisme, men produkt og destinasjonar må framleis utviklast med felles mål, strategiar og forståing om vi også i framtida skal være blant de beste reisemåla i verden, seier den nye reiselivssjefen.