Av Hugo Antonsen

Sidan Regionavisa gjekk på lufta med nettavis 23. mars i år, har trafikken auka jamnt, og til no har over 57.000 unike brukarar vore innom nettavisa i løpet av dei to månadene.

Trafikken av lesarar kan målast på fleire måter, ein av dei er å bruke verktyet google analytics som fortel kor mange unike brukarar som til ei kvar tid er inne og les saker på nettsida, kva dei les og kor lang tid dei brukar.

Tala frå analytics fortel om ei jamn utvikling for regionavisa.no, der vi allerede i andre veka fekk over 7.500 unike brukarar. I midten av april nådde vi ein ny topp med 11.600 unike brukarar på ei veke, mens den siste rekorden vart sett forrige veke med heile 15.400 unike besøk.

For Regionavisa er det den jamne trafikken som tel. Den tel meir enn trafikk til einskilde saker som vert lest mykje. Men det er ikkje tvil om at enkeltsaker trekk lesarar til nettsida, der dei finn meir å lese. Ein slik dag var onsdag 31. mai, då vi hadde heile 5.677 unike brukarar på ein dag.

Som fortel at veksten av lesarar og unika brukarar på Regionavisa si nettavis, går bratt oppover!