Det skriv nettstaden kyst.no

Selskapet, som har hovudkontor i Gursken, hadde ei omsetning på 40,8 millioner, som er ei auke på fire millionar kroner. Driftsresultatet endte på 3,4 millionar (1,7 millionar i 2015), og selskapet fekk dermed en driftsmargin på over  ti prosent.

Økonomiansvarlig Liva Christin Notøy fortel Plany satsar enda meir innan havbruksnæringa. Foto: Plany.

Notøy seier til kyst.no at dei ser ei positiv utvikling også i 2017, og fortel dei har hatt ein langsiktig vekststrategi som dei jobbar målretta etter. Hittil i år har selskapet mellom anna investert meir i forskning og utvikling. Notøy seier og at dei utvider produktportefølgen med undervasslys, som distributør for Luxmeter.

Selskapet har for tida 19 tilsette, og har tilsett nye personar både i fjor og i år.