Rein kjernekapital er auka frå 12,88 % til 13,74 % i same periode i fjor, og det utan at det positive resultat er innskrekna. Soliditeten er soleis styrka, skriv dei i ei pressemelding.
Dei siste 12 månadane viser ein vekst i utlån til personmarknaden på 7 %, som er over landsgjennomsnittet, og det viser at banken er konkurransedyktig og vinn marknadsdelar.

Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank1 Søre Sunnmøre.

– På bedriftsmarknaden er utlån til bedriftsmarknaden vore stabil i 2017, medan det i 12 månaders perioden har ein tilbakegang på 17 %. Dette grunna reduksjon i store engasjement og syndikat, som har vore ein bevisst strategi seier administrerande direktør Stig Brautaset.

Effektiv drift

-Vi konstaterer at dei tiltaka vi har satt i verk bidreg til å styrke bankens økonomiske utvikling. Konkurransen i marknaden er som sagt tøff og vi må fortsette arbeidet med å forenkle og effektivisere banken. Samstundes arbeider vi med ulike tiltak for å styrke bankens kompetanse på fleire områder, for å sikre at våre kundar skal blir meir og meir tilfreds med oss framover, seier administrerande direktør Stig Brautaset.

-Vi forventar moderate tap på utlån og garantiar i 2017, seier Brautaset i ein kommentar. Misleghaldet er lågt, samstundes som oljerelaterte næringar har fått strukturert sin finansielle posisjon og det kjem stadig oftare fleire positive nyhende frå bransjen. Det øvrige næringslivet i vår region ser ut til å klare seg bra, og det ligg til rette for god aktivitet framover.