Kurset skjer i samarbeid med kommunane Ørsta og Volda, og tilbyr opplæring i støtteordningar for foreldre til born og ungdom med helseutfordringar – kronisk sjukdom/funksjonshemmingar.

–Alle tilbakemeldingar etter deltaking på opplæringstilbod for foreldre i Klinikk for barn og unge i Helse Møre og Romsdal, fortel oss at dei ynskjer meir tid og råd knytt til rettigheiter. Kurset har vore gjennomført i Molde, Kristiansund og Ålesund tidligare, og no håper vi å lukkast med det fyrste kurset for dei i kommunane rundt Volda Sjukehus, fortel arrangørane.

Dette kurset er dermed meint for alle kommunane rundt Volda sjukehus, og planen er at kurset skal arrangerast fast ein gong i året rundt kvart sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Kurset er gratis, og påmelding skjer gjennom fastelegen. Er familien allereie til behandling i spesialisthelsetenesta i Klinikk for kvinner, barn og ungdom, trengst ikkje tilvising.