Rimfrost er i full gang med planlegging og design for bygging av ny båt for fangst og foredling av krill, skriv dei i ei pressemelding. Fartøyet skal bli utrusta for tråling av krill med fleire prosess/fabrikk-linjer for prosessering av krill til fleire marknadssegment. Prosessanlegget i den nye båten vil bli basert på patenter som Rimfrost eig.

Prosjektgruppa inneheld sentrale fagpersonar frå både Olympic og Rimfrost med lang erfaring frå fiskeri- og offshore-drift av skip og tilhøyrande system. I mai i år ble Magnar Førde engasjert som prosjektleiar for denne satsinga.

Førde har inntil utgangen av 2015 vore tilsett i Rolls-Royce Marine og medlem av leiargruppa innan offshore. Spesifikt som leiar for innovasjon og utvikling, og i den siste tida som leiar for Ship Design and Systems. Førde har lang erfaring frå den maritime bransje som utviklingsingeniør innan skipsutstyr. Han har også erfaring frå Liaaen, Ulstein og Kværner både som ingeniør og leiar. Førde har ei doktorgrad frå NTH/NTNU og har vore professor ved same stad over en periode.