OV Ryvingen blir Kystverket sitt andre hybridfartøy som kombinerer batteridrift med diesel. Rolls-Royce har no signert kontrakt med Fitjar Mekaniske Verft om ein omfattande utstyrsleveranse til dette multifunksjonsfartøyet.

Batteripakken som er bestilt frå Rolls-Royce til Ryvingen får ein tilgjengeleg kapasitet på 2000 kilowatt time (kWh). Det er ei kraftig auke av kapasiteten frå 850 kWh som er installert i det hybriddrevne systerskipet Bøkfjord.

Ryvingen skal kunne operere med batteridrift åleine i fleire timar, utan bruk av dieselmotoren. I tillegg vil batteria sørgje for straum når fartøyet ligg til kai, utan at dieselmotorane treng å gå. Batteria kan bli lada opp frå landstraumanlegget i hamner der dette finnast.

– Vi døypte vårt fyrste hybridfartøy i september i fjor, og seinare same året blei det kåra til årets skip i Danmark, der det blei bygd. No skal vi ta dette vidare, og gler oss til å få levert eit fartøy som er enno meir innovativt og miljøvennleg, seier prosjektleiar for Kystverket sitt nybygg, Kurt-Ivar Gram Franck.

Både Bøkfjord og Ryvingen er multifunksjonsfartøy som utfører oppdrag innan oljevern og vedlikehald av farled. Dei er fartøy nummer tre og fire i Kystverket sin flåtefornyingsprogram på totalt seks til åtte skip.

Den totale utstyrspakken vil også gje mindre støy og vibrasjonar om bord, og dermed er Kystverket sine to nyaste arbeidsbåtar ein betre arbeidsplass for mannskapet. Det 46,6 meter lange og 12 meter brede fartøyet OV Ryvingen er planlagt levert i oktober 2018.