Styremaskiner kontrollerer rørslene til roret på eit skip. Rolls-Royce har vore marknadsleiande på styremaskiner med leveransar til mange tusen farty. No vurderer selskapet å overføre denne verksemda til ein ny eigar, og vurderer per i dag tilbod frå potensielle kjøparar.

Rolls-Royce vil framleis levere som avtalt til sine kundar, og styremaskiner vil vere ein del av systemleveransane til selskapet også i framtiden. Ein mogleg ny eigar av verksemda vil difor bli ein naturleg samarbeidspartnar for Rolls-Royce.

Omtrent 100 tilsette kan bli påverka av salet dersom det skjer. Dette gjeld i hovudsak aktivitetar i Brattvåg i Haram kommune.