Situasjonen er framleis fastlåst for reketrålaren Remøy som er eigd av Remøy Havfiske AS i Fosnavåg i Herøy. Både norske fiskeri- og utanriksstyresmakter jobbar no med å få båten frigitt, skriv fiskebat.no.

Det russiske kausjonskravet på 90 millionar er meir 10 gongar større enn fangsverdien som er om bord i båten.

– Kravet står på ingen måte i forhold til realitetane i saka, og dette kravet gjer at situasjonen ikkje er mogleg for reiarlaget å handtere. Dessutan ligg ansvaret hos norske styresmakter. Vi hadde håpa på at saka skulle få ei rask avklaring, seier Audun Maråk, adm.dir i Fiskebåt.

Formalitetsfeil

Årsaka er ein formalitetsfeil i lisensdokumenta, der ein skal ha kryssa av feil i ei skjema som trålaren må ha for å fiske i russisk sone. Remøy har dagleg rapportert om fartøyet sine rekefangstar til både Russland og Norge.

Mannskapet har det bra

Både reiarlaget og det norske generalkonsulatet i Murmansk har sørga for at mannskapet blir tatt godt vare på. Etter planen var dei på veg heim for mannskapsskifte, då dei vart stoppa i eit kontrollpunkt av den russiske kystvakta. Trålaren Remøy har eit mannskap på 17 personar, der to er frå Færøyane og resten er norske.
Alle partar jobbar aktivt med å løyse saka, og det er DU som handterar kontakta med russiske styresmakter.