Det er Møre-Nytt som melder dette.

Sanner syns det er kjempegreier at Volda og Hornindal kommunar slår seg saman til nye Volda kommune frå og med 1. januar 2020. Pengane er ei påskjønning for dette.

Milliongåva kjem frå ein pott på 150 millionar som kom på plass etter budsjettsamarbeid mellom KrF og Venstre. Og dei fire millionane kjem i tillegg til ei belønning på 20 millionar kroner som nye Volda får. Og ikkje nok med det:  I tillegg kjem to millionar årleg i regionsenter-tilskot.

Volda-ordførar Jørgem Amdam er godt nøgd med pengegåva.

Til Møre-Nytt seier Volda-ordførar Jørgen Amdam:

– Eg hadde ikkje venta så mykje pengar.  Dei gir no muligheit til å byggje ut breiband også på bygdene i samband med breibandbygging mellom rådhusa på Grodås og i Volda.