I perioden 1. september til 1. desember i år, vil Ulstein bibliotek halde stengt grunna flytting. Herøy, Hareid og Sande bibliotek tek i mot Ulstein sine lånarar i denne perioda, men ein kan framleis levere inn bøker i kassa utanfor biblioteket, skriv Ulstein Bibliotek på facebooksida si.

Ulstein bibliotek skal flytte inn i det nye Arena Ulstein i Ulsteinvik sentrum, og skal etter planen opne i desember i år.