Bergensfirmaet med same namn har utvikla Geddit, som laurdag vert testa ut for alle første gong. Og det skal altså skje i Volda sentrum, i regi av Volda Næringsforum.

–Og då kan alle som lastar ned appen gå på jakt etter over hundre premiar rundt om i Volda sentrum. Opplegget er altså likt Pokemon Go – det vil seie at deltakarane går rundt i geografien, samtidig som dei bevegar seg rundt i eit virtuelt landskap på jakt, seier Stefan Halck, som er leiar i Volda Næringsforum.

–Og dette vert jo ein verdspremiere, sidan den nyutvikla appen ikkje har vore testa ut offentleg før, seier Halck.