Regionavisa er ei gratisavis som satsar på feature- og kulturstoff. Vi har gått frå papiravis kvar veke til nettavis, kombinert med eit månadsmagasin med eit opplag på 21.000. Regionavisa har 26.000 lesarar på papir, og hadde meir enn 25.000 unike brukarar på nettavisa første månaden (april 2017).

Dagleg leiar og redaktør i Regionavisa ønskjer å bruke meir tid på nye prosjekt og forretningutvikling, og vi søkjer difor etter ein eller ei som kan ta det redaksjonelle ansvaret for nettavisa og utvikle innhaldet endå meir.

Det er ein fordel om du har erfaring frå publisering på nett, om du har høg arbeidskapasitet, har godt humør og tørr å gå mot straumen. Og at du har sans for den gode historia og likar å formidla den.

Regionavisa sin nye nettredaktør vil ha ansvaret for kort- og langsiktig planlegging av nettsaker, og utvikling av prosjekt i samarbeid med månads-magasinet på papir. Redaktøren vil kunne forme neste steg i utviklinga til Regionavisa, og mest av alt vere Regionavisa sin digitale meisterkokk.

Vi søkjer kvinne eller mann, som tek denne utfordringa og vil gjere det med stor arbeidslyst og med glimt i auget.

Regionavisa held til i Ulsteinvik og dekkjer dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Det er ein fordel om du er lokalkjent.
Det er også ein fordel med sertifikat og eigen bil.

Lønn etter avtale.

Søknadsfrist 25. mai

Søknad med CV sendes til redaktør Hugo Antonsen på mail, hugo@regionavisa.no.

Er det noko du lurer på, ring Hugo på 917 38 587