Det skriv Sparebank1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding. Dei har no inngått ein treårig sponsoravtale med Lokomotiv Oslo. Lokomotiv Oslo, eller Loket som dei også er kjent som, har fire seniorlag på herresida i fotball. Forutan 1. laget i Norsk Tipping-ligaen har klubben lag i 6. divisjon, 8. divisjon, samt eit Old Boys 7ar-lag.

– Dette vil også gi SpareBank 1 Søre Sunnmøre ein posisjon då vi ønsker at utflytta sunnmøringar skal bruke SpareBank 1 Søre Sunnmøre som sin bank, også i Oslo. Vi ser at mange som flyttar beheld sin bank då dette er praktisk for kundane, samtidig som vi får behalde kundane. Kundemøter gjennomførast over nett og telefon, elles kan ein også besøke eit av våre kontor når ein er heime i ulike samanhengar avsluttar Banksjef sal og marknad, Andre Skotheim, i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Arthur Garnes i Lokomotiv Oslo ser også fram til å jobbe proaktivt med SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Loket er ein klubb basert på ein kontingentbasert spelarstall og frivilligheit.
-Samarbeidet med SpareBank 1 Søre Sunnmøre vil gi klubben anledning til å satse vidare sportsleg, og bidra til å tilrettelegge for vårt arbeid for å skape eit godt fotballmiljø med trivsel og samhald. På vår side kan vi sjølvsagt bidra til å legge til rette for at SpareBank 1 Søre Sunnmøre kan kome i kontakt med utflytta sunnmøringar busett i Oslo gjennom vår store kontaktflate, avsluttar Arthur Garnes.