Av: Charlotte Karoline Kvistad

Det seier eigarane og drivarane, Thor Erik Andersen, Ingrid Margrete Ulstein og Oscar Overvåg Tafjord. I dag opna dei den nye restauranten, etter mange dagar med å gjere den klar til opning. Folk Spiseri i Ulsteinvik er kjend for god mat, som er laga av gode og norske råvarer.

–Eg er kokk hjå oss, og eg nyttar franske teknikkar når eg lagar maten. Vi serverer robust mat på tallerkenen. Det er lågterskel mat, som er 100 prosent heimelaga av oss, seier Andersen.

–Burgeren vår er så fersk at du kan ete han rå. Vi kvernar kjøtet sjølv, og tilset berre salt i farsen. Det er ein av våre mest populære rettar, seier Ulstein.

Uteservering

Ved den nye restauranten på Sjøsida, får folk uteservering med utsikt mot sjøen og Ulstein Verft. Eigarane håpar å nå eit breitt spekter av menneske, samt å gjere det attraktivt for andre utbyggjarar å etablere seg på Sjøsida.

– Plasseringa er hovudgrunnen for å flytte drifta hit. Vi vert meir synlege, og hovudvegen går rett bak restauranten, seier Tafjord.

Drivarane fortel at dei er miljøvenlege, og utstyret som dei nyttar i det nye lokalet vert i større grad energi-effektivt. I tillegg til restaurantdrifta, skal Folk Spiseri starte ein butikk. I butikken skal dei selje råvarer frå lokale produsentar som «Gode Greier», som dei er lova å få overskotsmat ifrå.

Innkøyringsfase

–Vi får meir plass til dei pressa dagane, og vi greier å handtere fleire bord. Drifta vert meir effektiv, seier drivarane.

Andersen, Ulstein og Tafjord rettar ein stor takk til Ulsteinvik Utvikling – utbyggjarane som har gjort dette mogleg for dei.

–Vi bestemmer oss for opningsdagen ein sein kveld, heilt sikkert. Vi planlegg ikkje kva dag vi skal opne, fortalte dei tidlegare i veka. I går kveld tok dei avgjerda, og i dag, laurdag, opna dei dørene for første gong.