-Vi er både stolte og glade for å endelig flytte inn i nye bygg. Det betyr mykje både for dei tilsette i verksemda og for besøkjande kundar. Vi gler oss til å ta imot kundar i dei nye fasilitetane, og trur og håper den nye miljøstasjonen vil freiste enda fleire til å besøkje oss, skriv SSR i ei pressemelding.

VEKT OG ADMINISTRASJON: Slik ser administrasjonsbygget ut, med vekta utanfor. Foto: SSR

Det er også svært kjekt at det berre er lokale entreprenørar som har vore med å byggje nybygga, Conplan med byggjeleiing og prosjektansvar, Rise Bygg med bygg, Tussa Installasjon med elektro, Rørservice med VVS, Nordvest Miljø med ventilasjon og Klar Energy med solcellepanel. Nybygga opnar til tidsplanen og er begge ferdigstilt etter budsjett.

Opnar gjenbrukstorg

Miljøstasjonen er bygd for framtida og for å kunne romme sortering av mange typar avfall. Nytt er også at SSR opnar eit gjenbrukstorg for å hindre at fine brukande ting blir kasta. Kunden kan sjølv velje om ein vil levere til gjenbrukstorget eller kaste. Det er same pris for å levere til gjenbrukstorget som når ein kastar avfall elles, men det er gratis for kundar å plukke med seg det ein ønskjer. SSR ønskjer ikkje å vere ein konkurrent til gjenbruksbutikkane, så dei får høve til å plukke ut godbitar før opningstid om dei ønskjer.

-Vi har elles hatt fokus på å legge til rette for barnehagar, skular og andre grupper som ønskjer å besøkje oss og lære meir om avfallshandtering og miljø. Vi har gode fasilitetar i eige besøksrom med plass til 35 personar der vi tilbyr gode miljøopplegg i tilknyting til omvising, fortel SSR.

Nybygga opnar for publikum allereie måndag 11. september, men offisiell opning og markering blir fyrst 29. september.

MILJØSTASJON: Dette er den nye miljøstasjonen til SSR i Saunesmarka i Ulsteinvik.