Av Svein Nordal

Den såkalla Sonja-komiteen på sjukehuset har sett seg som mål å skifte ut femti – seksti godstolar på sjukehuset – til ein pris på 7500 kroner per stol.
– Det er på høg tid at vi skiftar ut stolane, sidan fleire av dei er totalt utslitne no, seier Johanne Hege Ryste i Sonjakomiteen, som har starta kronerulling til prosjektet. Dei som vil gje, kan overføre pengar til kontonummeret 3991 09 57590.

– Og vi er sjølvsagt svært takksame for at Sparebanken Møre no har gjeve oss nok pengar til å kjøpe inn fem stolar. Håpet er at andre bankar og næringslivet på heile Søre Sunnmøre blir inspirerte til også å vere med på spleiselaget, seier Ryste.

Komiteen har namn etter Sonja Hovden Vidnes frå Hovdebygda, som samla inn over ein million kroner til sjukehuset. Pengane vart brukte til å kjøpe inn TV, radioar, nettbrett, leiker, bøker, møblar, bilete, julepynt – og ikkje minst CT-skannar til røntgenavdelinga. Altså ting det ikkje var plass til på sjukehusbudsjettet.

Sonja fekk inspirasjon til å starte innsamlingsarbeidet då ho sjølv låg på sjukehuset etter ei trafikkulykke på 70-tallet. Ho registrerte at der var ein øydelagd toalettstol ved rommet ho låg på. Det første ho gjorde då ho kom heim var å koke ei diger panne med brennsnut. Denne selde ho til store og små som kom på folkebadet i Hovdebygda.
– Seinare vart det mange arrangement med matsal og uendeleg mange timar med loddsal. Sonja var ei drivkraft, og ho var ei dame det ikkje var mogeleg å seie nei til, fortel Ryste.

Sonja reiste rundt i dekningsområdet og samla inn pengar til Volda sjukehus i tretti år, kvar fredag og laurdag, frå tidleg vår til seint på hest. Med seg hadde ho ein raud koffert som ho samla pengegåvene i. Og ho heldt julekakefest med loddsal i vestibylen på sjukehuset saman med gode medhjelparar i adventstida i fleire år. Dei opprinnelege «øydelagd toalettstolpengane» går til trivseltiltak for pasientar og pårørande på sjukehuset.