Ferjekaia skal vere ferdig 1. januar 2019. Då kjem det tre nye elektriske ferjer i sambandet.

Fylling

I ei pressemelding frå Statens vegvesen Region midt står det at entreprenøren har rigga seg til ved den gamle ferjekaia på Sulesund, og held på med grunnarbeid. Steinen dei sprengjer ut vert brukt til å lage ei fylling i sjøen.

FYLLING: Steinen som entreprenøren sprengjer ut vert brukt til å lage ei fylling i sjøen. FOTO: Statens vegvesen.

Tilpassa

Dei siste vekene har entreprenøren utført sprengingsarbeid tett mot trafikkert veg, og arbeidet har difor blitt tilpassa ferjeavgangane. Ferjetrafikken har gått som normalt, og vegvesenet har forlenga oppstillingsfilene mellombels med om lag 120 meter austover mot Sulavegen.

Sprengingsarbeidet ved oppstillingsplassen for ferjekøa vert ferdig før jul, og då skal entreprenører halde fram med sprenging i sjøen.