Av Svein Nordal

Det meiner Sigurd Høst, som er professor i medievitskap, og i fleire år underviste på journalist-utdanninga i Volda.

PROFESSOR: -Viss stoffutveksling betyr at nøyaktig dei same artiklane kjem på trykk i fleire aviser, kan det vere ei dødslinje for lokalavisene, fryktar professor Sigurd Høst.

Med oppkjøpet av Vestlandsnytt i Herøy, eig Sunnmørsposten/Polaris no Vestlandsnytt, Vikebladet/Vestposten i Ulsteinvik, Møre-Nytt i Ørsta, Sunnmøringen på Stranda, Fjordenes Tidende i Måløy/Vågsøy, Fjordabladet på Eid og Fjordingen i Stryn.

Blant dei tradisjonelle lokalavisene her i regionen er det dermed berre Møre i Volda og Synste Møre i Vanylven, i tillegg til Regionavisa, som har lokale eigarar.

Lite å hente

-Dagens ordning er slik at ein aksje-eigar i lokalavisa som ikkje har arbeidsplassen sin der, kan ta ut svært avgrensa utbytte dersom avisa får pressestøtte. Men må likevel betale formueskatt av aksjeverdien! Dermed vert det uinteressant for til dømes pengesterke folk i Herøy å ta over eigarskapet i Vestlandsnytt. I realiteten vert det berre den store regional-avisa i området som vert aktuell kjøpar. Dette er uheldig, meiner Høst.

Han viser til at Mediemangfaldsutvalget no foreslår å lempe på regelverket, noko Høst støttar.

Dødslinje

Professoren seier at han var tilhengjar av den gamle eigarstrukturen, der nesten alle lokalaviser hadde lokale eigarar som også hadde sin arbeidsplass i avisa.
-Dei ville naturleg nok avisa sitt ve og vel. Når eit konsern vert eigar av lokalavisene i eit område, kan jo det ha fordelar, til dømes når det gjeld digital kompetanse, nettavis, annonsesamarbeid og så vidare.

-Men ei ulempe kan vere til dømes stoffutveksling – at dei same artiklane kjem på trykk i fleire aviser. For lokalavisene kan dette vere ei dødslinje, som gjer at ein misser noko av særpreget. For det som kjenneteiknar ei lokalavis er jo nettopp at dei produserer sine eigne, heilt lokale saker. Og lokalavisene har reindyrka dette sidan dei slutta å trykkje NTB-meldingar midt på 1980-talet, påpeikar Høst.

Nedleggingar

Bergens Tidende har tilnærma monopol-situasjon rundt Bergen, Adresseavisa rundt Trondheim. Viser erfaringane frå andre delar av landet at konsernet slår saman/legg ned lokalaviser dei har kjøpt opp?

-I andre land og i Sverige har ein sett mange døme på dette – eller at den tidlegare lokalavisa berre viser att som ein seksjon inne i hovudavisa som i si tid kjøpte dei opp. Her til lands har samanslåingar og nedleggingar vore sjeldne – heilt fram til dei siste par åra. Og det er faktisk Polaris som går i front!
-Javel?
-Ja, slike samanslåingar har skjedd i Verdal/Levanger, Stjørdal/Malvik og i Steinkjer-distriktet.

Innsparing

Sigurd Høst trur imidlertid ikkje at Polaris eller andre konsern kjøper opp lokalaviser med ein overordna plan om å leggje ned/slå saman.

-Nei, det trur eg ikkje. Første fase etter kjøpet vil jo vere å drive vidare lokalavisene og sjå korleis det går. Om ein så finn det lønsamt kan neste steg vere samanslåing – i alle fall ikkje om sterk lokalpatriotisme eller andre hinder står i vegen.
-Slike eigarkonsern vil jo tilstrebe best muleg lønsemd og best muleg resultat for seg sjølve. Polaris hadde til dømes eit godt resultat i fjor, og det oppnår ein blant anna gjennom kostnadskutt, mellom anna til lønsutgifter.

 

Møre:

-Godt samarbeid

-Blir du nervøs av å vere omringa av samarbeidande lokalaviser med same eigar, Møre-redaktør Tore Aarflot?

MØRE: – Eg syns det er synd at lokalavisene går bort frå den gamle modellen med eigarskap, seier Tore Aarflot i Møre.

-Eg synest det er synd at lokalavisene går vekk frå den gamle modellen når det gjeld eigarskap. Men at vi vert omringa av Polaris-eigde aviser er eg ikkje redd for. Vi har vår nisje og dei har sine, og målet vårt er å lage ei så god lokalavis som vi kan. Vi har eit godt annonsesamarbeid med dei andre lokalavisene, noko eg ikkje trur vert endra trass i at nesten alle no er eigde av Polaris, seier Aarflot, som eig Møre saman med dottera Tonje Marie.

Han registrerer også at «dei andre» skal samarbeide om stoff og drive stoffutveksling.
-Det har jo også vi gjort. Men det er svært sjeldan at til dømes ei Vestlandsnytt-sak passar inn i Møre.

Aarflot meiner at Møre med lokalt eigarskap har større fridom til å oppretthalde særpreget sitt – men nyttar høvet til å rose den felles layouten til konkurrentane.
-Ja, det er jo ein fin layout, det, smiler Aarflot, men vi har valt å ikkje gjere same layoutendringa for å forsterke vårt eige særpreg.For nokre år sidan forhandla Sunnmørsposten/Polaris om å kjøpe Møre. Det vart ikkje noko av, sidan Tore og Tonje Marie Aarflot kjøpte ut dei andre aksjonærane.

-Men kva med framtida – vert det sal?
-Vi vil drive vidare som sjølvstendige, og har absolutt ingen planar om sal. Men vi lever i ei brytningstid innan media, så eg kan sjølvsagt ikkje sitje her i dag og slå fast korleis situasjonen er om nokre år. Eg har forresten heller inga tru på at lokalavisa som papiravis snart er historie, men vi får ein sterkare kombinasjon av papir og nett.

 

Synste Møre:

-Store endringar

-Endringa har vore svært stor dei åra eg har jobba som journalist og redaktør. Det er ikkje så lenge sidan at alle avisene rundt om her var lokalt eigde, og fleire av dei med eigne trykkjeri, seier redaktør Vidar Parr i Synste Møre i Vanylven.

SYNSTE MØRE: – Min strategi er å vere ultralokal. Vi lagar praktisk talt alt stoffet sjølve. Til og med kryssordet, seier redaktør Vidar Parr i Synste Møre.

Avisa har eit opplag på heile 2214, trass i at folketalet i Vanylven er berre på rundt 3200 personar.
-Forklaringa på det trur eg er at eg har valt ei ultralokal linje. Praktisk talt alt stoffet skriv vi sjølve, – faktisk heilt ned til kryssordet.

-Ser du det som eit problem at de er omgitt av konkurrentar som samarbeider under same eigar-paraply?
-I utgangspunktet ikkje. Vi har hatt eit godt samarbeid med Møre-Nytt og Vikebladet innan annonsesamkøyring, trass i at dei jo har vore Polaris-aviser nokre år. Det trur eg vil halde fram. Redaksjonelt har vi ikkje noko samarbeid, om ein ser bort frå at vi av og til tek nokre bilder for kvarandre.

Parr reknar med at det som regel er generasjonsskifte som fører til lokalavis-sal rundt om i Norge.
-Også nokre av våre eigarar ser seg no om etter kjøparar, seier Parr.