Av Svein Nordal

Det er Maritime.no som melder dette.

–Det dei prøver på her er hårreisande, seier Alf Rune Kalland, som representerer dei om lag hundre tilsette som har SAFE som fagforeining.

Konflikten oppstod etter at dei to brønnintervensjonsfartøya Island Wellserver og Island Frontier gjekk av kontrakt med Statoil i oktober, og alle dei 160 tilsette på dei to skipa vart permitterte.

Men så sende reiarlaget ut ei stillingsutlysing, og søkte etter 24 sjøfolk frå kaptein til kokk. Desse skal bemanne dei to båtane til dei skal ut på kontrakt med Statoil igjen 1. april neste år. Dei nye stillingane var omfatta av ei anna tariffavtale enn dei tilsette var permitterte frå – og med dårlegare betingelsar. Dermed var konflikten eit faktum.

– Å permittere dei tilsette for så å la dei søkje på sine eigne stillingar til dårlegare betingelsar kan vi rett og slett ikkje gå med på, seier Kalland til Maritime.no.

Han seier vidare at for ein kaptein kan månadslønna vere inntil 30.000 kroner lavare på denne nye tariffen, og for ein matros kan skilnaden vere opptil 10.000 kroner.

Leiinga i Island Offshore meiner dei her har operert innanfor lovverket, og får støtte frå Rederiforbundet, som meiner at når båtane ligg i verkstadopphald eller opplag, står reiarlaget fritt til å tilsetje folk under ein annan avtale.

SAFE sin advokat, Bernt Hodne, meiner dette ikkje held vatn. Hodne meinar reiarlaget kan permittere dei det ikkje er jobb til, og burde halde på dei 24 dei treng i arbeid med same tariff som før.

–Her er det arbeid. Det er berre at reiarlaget ynskjer å få dei tilsette over på ein annan avtale. Vi meiner dette er så grovt at vi vil ta det vidare til arbeidsretten dersom vi ikkje kjem til semje, seier Hodne.

Admjnistrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein, forsvarar praksisen:

– Alternativet hadde vore å setje heile selskapet i fare. Så enkelt er det. Det er vårt ansvar å gjere det som må til for å halde selskapet flytande og tilby folk jobb i mange år framover.