Av Svein Nordal

Det var på forsommaren i år at Norges Miljøvernforbund kravde at Vanylven kommune skulle ta prøver av fjordbotnen ved utløpet for produksjonsvatn frå Hofseth AS. Utløpsleidning ligg på om lag ti meters djupn på fjordbotnen utanfor bedrifta.

Bakgrunnen for kravet frå Norges Miljøvernforbund var bilder og video som viste partiklar i vatnet rundt utløpet, samt steinbit, flyndre og anna villfisk som beita ved utsleppet.

 

 

Vanylven kommune leigde så inn firmaet Åkerblå, som i sommar tok prøver av fjordbotnen. Botnprøvene vart tatt med grabb og ført opp til overflata. Det vart tatt prøver både like ved utsleppsleidningen, og i alle retningar, inntil hundre meter frå utlsppet.

I sin rapport skriv Åkerblå:

«Resultatene fra undersøkelsen tyder på at bunnen ved avløpet og området rundt er lite påvirka av produksjonsvatn frå Hofseth. Dette kommer til syne ved relativt gode pH- og Eh-verdier og nokså få sensoriske indikasjoner på organisk belastning. Samlet får lokaliteten lokalitetstilstand 1 (Meget god).»

I rapporten står det vidare at det ikkje tidlegare har blitt gjennomført slike undersøkingar ved det aktuelle utløpet, og at det var vanleg drift ved anlegget til Hofseth AS den dagen prøvene vart tekne.

Åkerblå konkuderer altså i rapporten med at området ser ut til å tole dagens organiske tilførsel frå bedrifta relativt godt.