Fritidsbåtar har vikeplikt for nyttefartøy, som ferger, cruiseskip, lasteskip og fiskebåtar som driv fiske, skriv Kystverket på nettsida si. Vikeplikta gjeld same kva retning nyttetrafikken kjem frå. Store skip klarer ikkje å manøvrere på same måte som mindre fritidsbåtar. Dette er det viktig at fritidsbåtførarar kjenner til, slik at dei unngår å hamne i farlige situasjonar.

Det er viktig at fritidsbåtar køyrer forutsigbart og gir tydeleg signal om at dei vil halde vikeplikta. I trange farvatn og sterkt trafikkerte område er det ekstra viktig at fritidsbåtbrukarane tek omsyn til nyttetrafikken, og i situasjonar med dårlig sikt, må alle som ferdast på sjøen senke farta.

Båtradio

– Ved hjelp av radar kan trafikkledarane våre sjå alle fartøy. Blir det nødvendig, prøvar vi å kalle dei opp på kanal 16. Vi kan pålegge dei om å gjere tiltak for å forhindre ulykke, men ofte er det vanskeleg å få kontakt, seier kystdirektør Kirsti Slotsvik.

Båtar under 24 meter har ikkje plikt til å melde seg til Kystverkets trafikksentralar. Dei små fartøya og fritidsbåtane har heller ikkje lytteplikt på sjøtrafikksentralen sine kanalar. Men både Sjøfartsdirektoratet og Kystverket oppfordrar småbåtfolket til å bruke båtradio fast – både for å lytte etter beskjedar frå andre, og for å kunne melde frå til andre fartøy, til sjøtrafikksentral eller kystradio om ein uforutsett situasjon skulle oppstå. Om ein ikkje har kunnskap om bruk av båtradio, kan det være lurt å ta eit VHF-kurs.

Merking og sjøkart

Kystverket har ansvar for å merke hovudleiar og bileder langs vår langstrakte kyst. Nærare 21 000 sjømerker med og utan lys merker disse mest trafikkerte ledene. Desse sjømerka er avmerka i alle sjøkart. Fritidsbåtbrukarar ferdast ofte andre stadar enn dei større nyttefartøya, utanfor dei godt merka ledene.

– Det er ikkje slik at kvar einaste vik og kvart einaste vesle sund langs norskekysten er merka. Om småbåtførarane vel å nytte trangare og grunnare farvatn, må dei utvise godt båtvett, avpasse farta og bruke oppdaterte sjøkart, understrekar kystdirektøren.

Viktig å ta båtførarprøva

Ved å ta båtførarprøva vil du som fritidsbåtførar få kompetanse som er nødvendig for å føre ein fritidsbåt på ein trygg måte. Kunnskap om vikepliktsreglar er ein viktig del av båtførarprøva.

– Vi anbefalar alle som skal føre fritidsbåt å ta prøva, også dei som ikkje har krav om obligatorisk prøve, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen. – Vi ønskjer at folk skal kose seg på sjøen, og då er det viktig at alle kan føle seg trygge på at reglane vert følge, legg han til.

Les meir om båtførerprøva og sjøveisreglane på Sjøfartsdirektoratets nettsider.

Nytt hjelpemiddel snart klart

Snart 800.000 fritidsbåtar er i aktivitet langs norskekysten i sommarsesongen. Kystverket ønskjer å bidra til tryggare navigering, og utviklar no ein mobilapp som skal gjere farvatn enklare å ferdast i. Meir om dette på Kystverkets Facebookside 15. juni.