Partane ser på dette som den beste løysinga slik marknaden for desse skipa er i dag.

–Våre bankar, GIEK og utstyrsleverandørar har vore positive bidragsytarar til å få til ei god løysing, seier konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen.

Det første fartøyet blei levert i mars i år, medan fartøy nummer to skal leverast i slutten av juni. Dei tre neste fartøya skal etter ny avtale leverast i løpet av 2018, og det siste i byrjinga av 2019.

–Vi har hatt svært stort trykk på anlegget over lengre tid. Utsettinga vil gje oss eit jamnare trykk i produksjonen og betre kapasitetsutnytting. Det er positivt, seier Rasmussen.

Bemanninga på Kleven Verft har dei siste åra vore rekordhøg. Dette vil no verte redusert, og det vil bli permitteringar i enkelte avdelingar i perioder.